[ Tilbake ]

Hjortejakt 2018

Dermed er jakta 2018 over. Diana gav oss også denne hausten ein del dyr, men nokon rekord blei det absolutt ikkje. Vi såg omtrent ikkje årskalvar og heller ikkje mykje fjordyr. Vinteren sist år var hard for hjorten, noko som førte til at kollene kasta fostera og fjorårskalvane daua i hopetal. La oss håpe forvaltninga har fått dette med seg og tildeler løyver til nest sesong i høve til desse omstendene.

  2. september  Fjorkolle oppe i Daurmåla
  7. september  Spissbukk i Hesjebakkane
 23. september  Kolle framom Fonnteigen
  1. oktober

 Liten Brehaugsbukk

  6. oktober  Fjorkolle på Mikkelstødl
 10. oktober  Fjorkolle i Bjåstadlia
 27. oktober  Ei ny fjorkolle, denne gang i Daurmåla
 11. november  Kolle og kalv på Bjåstad
 20. desember  Kolle og bukk
 22. desember  Einsleg Daurmålskalv

hjort-3.gif (14323 bytes)

Siste oppdatering på jaktsidene: 23. desember 2018