[ Tilbake ]

Fjorkolle oppe i Daurmåla
 

Etter ein resultatlaus 1. september reist Tormod og Ove inn i Supphelledalen for å prøve på nytt. Ove såg etterkvart eit dyr høgt oppe over hamtralaget over Beitabakken. Dette dyret var i rørsle og karane håpa det trekte noko ned i lia. Dermed sette dei seg ut, Tormod i Beitabakken og Ove i bua i Daur. Ove såg att dyret då han hadde installert seg i bua, Tormod kunne ikkje sjå dyret frå der han var. Etter ei stund trekte dyret noko nedover, med litt flaks så kunne dette gå. Her litt av kommunikasjonen mellom Ove og Tormod: O: "Er no faktisk oppå hamralaget men kan sikkert gå ned der", T: "Er litt usikker på kva sva du meiner", O: "Snart i høgd med dei øvste svådn, dei svåa som er rett over der eg ofte går inn for å jage mot deg", T "Kjem ho ned Beitabakken?", O: "Usikker, trur ho kjem ned mot svådn, ca 20 m over dei no, ho har stoppa litt opp. I høgd 10 m over snøen men lengre framme, rett over svådn", T: "Ok, kvir seg visst ut", O: "Ho er på det øverste, står noko buskas der midt på", No har Tormod sett ho, T: "Kan ta ho der, men satsar på at ho går lenger ned". No håpa Ove berre at Tormod vente med å skyte, dette då ho fort kunne ha havna utafor ein kant. Det er  ekstremt nervepirrande å kikre og gi beskjed til skyttaren om kva som skjer, pulsen til Ove vart rimeleg høg no. Fjorkolla trekte no litt heim mot snøen øverst i Daur og så såg Ove at dyret gjorde eit hopp og eit sekund etter høyrde han lyden av skotet. Kolla sprang ein 20-30 m før ho stoppa opp og byrja rulla nedover skrea. Ikkje så ofte ein får sett heile hendelsesforløpet i kikkerten og sjå at dyret får skotet, rullar nedover skrea og til slutt ligg der..

 

Tormod med årets første dyr, dette året blei det ei fjorkolle