[ Tilbake ]

Der fekk vi kalven!
 

Som sagt på forrige innlegg så skaut Ove den 20. dm. ei kolle som hadde mjølk i juret, i dag fekk vi kalven til kolla og slik skjedde det:
Tormod og Ove prøvde natta til 21. å få tak i kalven, dette lukkast ikkje då kalven ikkje kom ned på marka så karane reiste heim i 3 tida om natta med uforretta sak. Så på dagen i dag prøvde karane på nytt. Vel inne oppdaga Ove kalven oppa Merkjeshammaren. Ove køyrde Tormod ned til enden av bøen før han sjølv installerte seg med eit rikt utval av kikkertar i bua i Daurmåla. Han prøvde så godt som muleg til ei kvar tid å gi beskjed til Tormod om kvar kalven var, dette då Tormod ikkje hadde sjanse til å sjå kalven frå der han var. Etter om lag 3 timar klarte Tormod for første gang å få eit glimt av kalven men sa det var heilt uråd å få has på den. Klokka gjekk og Tormod sa han byrja å bli litt kald, Ove sa ingenting til dette. Litt før klokka blei 4 gjekk kalven ut i det opne på Merkjeshammaren. Han sa at han fortsatt ikkje hadde sjanse på å få skot på kalven, men om kalven gjekk eit par meter inn att i skogen så kunne det kanskje gå. Eit par minuttar etter såg Ove at kalven gjekk nokre meter framover igjen, dette sa han til Tormod og ei lita stund etter gjekk skotet. Kalven datt sanselaust nedover med oppmot 20 m fritt fall, men merkeleg nok vart ikkje kalven øydelagt. Det var godt å få skote kalven slik at den slapp å pinast seinare i vinter.

Daurmålskalven