[ Tilbake ]

Fjorkolle på Mikkelstødl
 

Tre mann ville inn i Supphelledalen for å jakte denne helga. Tormod hadde lyst å halde seg i området lengst heime i terrenget, Asle ville prøve seg på Brehaugane medan Ove fann ut at han ville prøve seg oppe på Mikkelstødl. Etter å ha fått forsyningane opp til hytta sette dei seg ut i terrenget. Tormod gav melding om at han såg bukk og kolle men at desse måtte trekke vidare ned i terrenget om det skulle lukkast å få kolla/fjorkolla. Klokka 18:30 kom det plutseleg ei fjorkolle gåande over skrea i Mikkelstødl og Ove skaut. Kolla datt og Ove starta utvomminga. Då lyset for dagen tok slutt kom det eit dyr til Asle men lyset var for dårleg så dette dyret fekk gå. Tidleg søndagsmorgonene var det igjen tid for å setje seg ut, men denne dagen var tåka så tjukk at sikten vart for dårleg, så jakta denne dagen vart avslutta rimeleg kjapt. Etter å ha ete frukost var det for karane å kome seg fram til Mikkelstødl for å dele kjøtet og få det i sekker og få transportert det heim.

Fjorkolla som kom frå Myrhaugslia

 

Langt å gå ned til bilvegen