[ Tilbake ]

Brehaugsbukk
 

Det var merkeleg nok fint vær denne dagen og Ove bestemte seg difor for å ta seg ein tur på Brehaugane. Ove installerte seg i gapahuken og hadde full kontroll av myra inn mot fjellet. Absolutt ingenting å sjå men så etter ein times tid høyrde Ove plutseleg noko som likna på smatting. Han bøygde seg difor fram i opninga og der stod bukken rett under han og såg opp på han. Ove innsåg at der bukken stod no var det umuleg å skyte då vinkelen var for stor ned til dyret, det var rett og slett ikkje plass for Ove og rifla til å få vinkla så mykje nedover. Ove sette seg difor så stille og roleg tilbake som han klarte og håpa at bukken trekte enten lengre til venstre eller opp på myra, i verste fall ville den vera borte. Etter eit par minuttar tok Ove sjansen på å bøyge seg framover att og no hadde bukken flytta seg 4-5 meter til venstre og var nett starta med å barbere ein liten einer. Fortsatt var vinkelen noko umuleg så Ove måtte reise seg opp for at rifla skulle peike ned til bukken og dermed gjekk skotet. Ove såg dyret første gang på 19 meter, skaut det på 22 meter og dyret la seg på 26 meter, dette må vera det stikk motsette av langholdsjakt :)

Årets Brehaugbukk

 

Kome oss ned det bratte og ATVen er klar for siste etappe