[ Tilbake ]

Kolle i Bjåstadlia
 

Asle ville i dag prøve seg over nyestolen på Berge, med seg hadde han i dag Emil. Tormod ville inn i Supphella for å sjå om han såg dyr i liene der, men som normalt denne sesongen så var det heller ikkje denne dagen noko dyr å sjå der så difor køyrde han tilbake til Bjåstad for å sjå om det var betre der. Det var det, relativt kjapt såg han ei fjorkolle, kolle, kalv og ein svær bukk. Tormod gjekk opp til kanten mellom elva og stølsvegen, der blei han liggande eit kvarters tid før han kunne skyte, dette då dyra beita akkurat slik at Tormod fekk kraftlina mellom seg og dyra.Tormod tok ikkje sjansen på å skyte mellom kraftlinene, han såg for seg eit scenarie der han traff kraftlinene med det til resultat at alle i Fjærland mista straumen sin og at han vart erstattningspliktig. Det var med andre ord berre å vente til dyra hadde flytta seg og etter vel eit kvarter skjedde det og Tormod fekk dyret sitt. Asle korkje såg eller høyrde noko oppe ved nyestolen.

Emil og Tormod med kolla i Bjåstadlia

 

Denne dagen fekk Ove hjelp av Finn frå Bergen (eigentleg frå Langevågen) for å ta ned kolla