[ Tilbake ]

Kolle og kalv på Bjåstad
 

Karane var på jakt på laurdag og såg mange dyr, men det ville seg ikkje. Ove meinte at ein skulle prøve igjen søndagsmorgonen og då prøve å gjennomføre eit opplegg han hadde tenkt på. Trygve skulle brygge øl på søndag medan Tormod ikkje var attkomen til Sogndal så det blei berre Asle og Ove som reiste på Bjåstad, Ove meinte at opplegget kunne gjennomførast med berre to mann og dermed bar det i veg kl 07:10 frå Sogndal. Det var ikkje lyst då dei kom inn men dei klarte å sjå kolle og kalv beita seg utover. Ove køyrde Asle ned på Bjåstad og køyrde sjølv opp att på rasteplassen for å rapportere til  Asle om kva dyra gjorde. Ove kikra på dyra og rapporterte så godt det let seg gjere. Han tykte det kom eit dyr innover og, men då fekk Ove melding på Whatsapp der det stod: "Det er meg". Ok så var ikkje det eit dyr, ikkje så enkelt å sjå kva som rører seg mellom granane. Den siste rapporten til Ove var: "No må dyra vera komne heilt dit som du er". Då gjekk det eit par skot og Asle kunne melde om at endeleg klaffa det for han i år og. No var det å få dyra ned til den nye kraftstasjonen og køyre dei inn til slakteriet deira i Supphelledalen. Karane slakta og så blei det heim. Kjempejaktdag der alt klaffa!

Asle med kolla og kalven