[ Tilbake ]

Fjorkolle i Daurmåla
 

Dette var Ove sitt tredje forsøk på måneskinnsjakt denne månaden. Han reiste inn i Daurmåla i 23-tida for å vente på månen. Då han byrja å gå bort til bua tykte han at han såg skyggen av nokre dyr ute på bøen. Han stiltra seg så god det kunne gjerast på frosa mark med masse frose lauv. Han skjønte at dyra hadde oppdaga han då han høyrde eit bjeff då han nærma seg bua, dermed var han rimeleg sikker på at bøen var tømt for dyr då han omsider kom seg inn i bua. Dette stemte ikkje, vel på plass tok han kikkerten opp og såg at to små dyr leikeslåss medan eit tredje dyr, også det ganske lite, berre såg på. Litt tidlegare på kvelden hadde Ove fått eit bilete av ei fjorkolle på viltkamera, dette kamera står rimeleg nær bua,  så han antok at det tredje dyret var fjorkolla. Dyra held seg på bøen til nærare 00:45 då dei trekte inn i skogen, endå ville det ikkje vera skytelys før over ein time seinare så Ove berre håpa at dei kom att i løpet av natta. I halv 2 tida kom det på nytt innpå eit dyr, no var lyset noko betre så Ove kunne sjå dyret litt betre med kikkerten, han kunne ikkje så noko gevir så han antok at fjorkolla no hadde returnert til bøen. Litt etter kom eit nytt dyr innpå og dette og det første dyret byrja og leikestangast att, altså var det spissbukkane som var på plass att. Ei stund etter kom det 3. dyret inn på manesjen, DET var fjorkolla. No var det å vente på at lyset vart endå litt betre og på at dyret skulle kome i ein betre posisjon for Ove. Då månen kom blei han var to store bukkar i skogkanten, desse blei berre ståande og ville ikkje inn på bøen i månelyset, dei var tydleg skeptiske på det gode lyset. Vel no bevega fjorkolla seg bort mot Ove og han fekk skote kolla. Den gjorde eit par kast og blei liggande omlag 15 meter frå skotplassen. Dei to spissbukkane skjøna ingenting og blei berre ståande å glane på dyret som låg der. Til slutt trekte dei seint ut av bøen og gjekk opp i bakkehallet og byrja å beite der. No ringe Ove til Pekka og saman fekk dei dyret inn i "slaktehuset" og fekk ordna med dyret der.

Det blei ikkje tatt bilete om natta, så her eit illustrasjonsbilete.