[ Tilbake ]

Spissbukk i Hesjebakkane
 

Opptakten til denne jaktkvelden var noko spesiell. Ove gjekk tidleg opp til Brehaugane, dette medan Tormod var i Oslo (Gardermoen). Ei god stund seinare fekk Ove SMS av Tormod, i den stod det at han flaug over Fjærland om 10 min. Ove sat fortsatt på Brehaugane. Ein time seinare fekk Ove melding om at no stod Tormod på Berge då det var vegarbeid der, og Ove han sat fortsatt på Brehaugane. Endå ei stund skulle gå før Ove fekk SMS om at no var Tormod klar til å gå framover, og Ove sat fortsatt på Brehaugane. No skulle det gå berre ein 20 minuttar før Ove fekk endå ein SMS frå Tormod: "Dyr framom Hesje, får avvente litt". Ove: "Står det ope eller er det i skogen framom Hesje?". Tormod. "I skogen no, skjult, 40 meter framom.". Ove: "Kva type?". Tormod: "Spissbukk trur eg". Så vart det stilt på meldingane. Dette avdi Tormod mista kontakten med dyret. Han fekk sett det igjen noko seinare og då var det kome lengre heim og uråd å skyte frå der Tormod låg. Ein ting å gjere, Tormod fata rifla og la på sprang nedover og over brua, Våthamra, sprang vidare litt nedover og kraup opp på elvavården og såg igjen spissbukken. Neste SMS frå Tormod. "Fekk an". Ove gratulerte, no reiste han seg opp oppe på Brehaugane og gjekk fram på Fjellstødl for å førebu kveldens middag.

 

Tormod med spissbukken i Hesjebakkane

Bilete Ove fekk sendt til Brehaugane etter at Tormod felte spissbukken