[ Tilbake ]

Kolle framom Fonnteigen
 

Tormod og Ove avtalte å prøve å få seg ein jakttur søndagettermiddag. Karane kom tilbake til Sogndal i 15-tida etter begge å ha vore bortreiste i helga. Klokka 17:00 var dei klare og turen gjekk først til Supphelledalen for å kikre etter dyr. Dette var resultatlaust så dei bestemte seg for å ta turen opp i Bessdalen i staden. På vegen fram frå Heimastølen, nærare bestemt mitt mellom Midtstølen og Heimastølen, fekk dei auge på dyr over på Storalisida. Det stod ei kolle omlag 150 meter frå dei like over elva, Tormod la seg ned medan Ove passa på dyret med kikkert. Etter at dyret vende seg med hovudet framover mot Midstølen, gjekk skotet. Kolla sprang ein 4-5 meter opp og ein 7-8 meter i retning Bjåstad før det la seg ned. Etter dette gjekk Tormod over elva for å vomme ut, då dette var gjort så reiste karane heim medan dyret blei liggande til måndag. Måndagsettermiddag henta dei slaktet og tok det inn til slakteriet deira i Supphelledalen. Det blei heilt gløymt å ta bilet av jeger og bytte så vi må bruke nokre andre bilete vi tok av kolla.
 

Her ligg kolla klar til utvomming

Kolla under transport heim