[ Tilbake ]

Kolle på måneskinnsjakt og bukk om morgonen
 

Etter å ha sett hjort fleire ganger utan å få skotsjanse  på denne stigande månen så skulle det endeleg lukkast denne natta. Det første dyret Ove såg var ein bukk men denne ville ikkje heilt ut av skogen slik at han kunne få til eit reint skot på han. Bukken snudde etter kvart og gjekk vidare inn att i skogen og borte blei den. Etter ei god stund såg Ove at det kom beitande tre dyr i si retning. Dyra beita lenge på ein 170-180 meters avstand i forhold til Ove så for Ove var det berre å vente og håpe at dei kom nærare. Etter kvart kom dyra på ca 100 meters hald og Ove skaut. Dyret, som var ei kolle, hadde diverre mjølk i juret, altså hadde ho kalv. Då morgonen kom prøvde Ove å få has på kalven men i staden fekk han ein bukk. Vi har ikkje gitt opp og satsar å få tak i kalven før jakta er slutt.

Måneskinnskolla

Bukken som Ove fekk om morgonen