[ Tilbake ]

Hjortejakt 2001

Så var det ny sesong og nye mulegheiter! Medan fjordåret var knallhardt for hjortestamma, var den siste vinteren mest for sommar å rekne. Dette gjenspeglar seg og på tettheita av dyr i terrenga våre. Det er tydeleg at denne er ein god det høgre i år enn sist år. På linkane under vil du finne bileter frå dei turane som så langt har medført hjortefall i år.

 

Brehaugane 23. september

Mikkelstølen 12. oktober
Storalii 20. oktober
Bjølleskreda 27. oktober
Storalii 03. november

17. november:

Sesongen er no slutt. Jakta har i år vore ein suksess for oss. Flotte dyr og mykje godt kjøt som skal bli til mange gode middagar utover vinteren og våren! I dag var me oppe på Midtstølen på Berge for å rigga ned att teltet. Det burde me ha gjort for nokre dagar sidan, medan teltet endå stod fint. Dragarstanga fekk seg ein knekk, men ikkje verre enn at me klarar å få den til igjen. Me såg forresten ein fin spissbukk i dag, den er voneleg vorte ein 6 eller 8 taggar neste sesong, kanskje treffer me den ein gong til hausten!