[ Tilbake ]

Storalii 03. november 2001

Trygve gjekk opp i terrenget tidleg, tidleg på fredagsmorgonen, medan far og eg kom opp ut på ettermiddagen. Me overnatta i teltet i eit himla vær, det storma og regna heile natta til endes. Det regna såpass at vatnet kom gjennom golvpresenningen slik at vannstanden inne i teltet vart noko høg, det var nummeret før me måtte sende ut eit lokalt flaumvarsel!! Men ok, me var i allehøve på plass då Tormod og Johnny byrja og gå oppover i Storalii for å jaga dyra opp mot oss. Men som ein del ganger før så snudde vinden heilt om og det blei me som vindslo terrenget. Me løyste 6 ut dyr, det gjekk ikkje mange minuttane før me høyrde to skot og Johnny hadde skote ei flott kolle og ein fin kalv. Dermed er jakta i dette terrenget over for i år, me kan ikkje seia oss anna enn godt nøgde med utbytet.

 

Legg merke til at enkelte blir med på begge bileta

Det var godt å stå innomhus
då me skulle skinna dyra