[ Tilbake ]

Storalii 20. oktober 2001

Johnny, faderen og eg reiste opp til teltplassen vår torsdag ettermiddag, men jakta var resultatlaus både torsdag ettermiddag og fredagsmorgonen. Me høyrde ikkje buring heile døgnet! Ut på fredagen reiste me innatt til Sogndal ein tur for så å returnere tilbake til teltet om ettermiddagen til nok ein resultatlaus kveld. Laurdagmorgonen skulle så Tormod kome inn og prøve å løyse dyr opp mot oss på Heimastødl. Me var på veg til å legge oss på postane våre i 7 - 8 tida om morgonen då vi med eitt høyrde eit rifleskot og like etter kom Tormod inn på sambandet og fortalte at han hadde skote ein bukk etter å ha gått berre ein 2 - 3 hundremeter frå bilen! Tormod vomba ut og spurde kva me no skulle gjera. Me vart eninge om at han skulle fortsette opp Storelia som planlagt og prøve å løyse ut dyr til oss. Etter ein times tid såg eg Tormod mot himmelranda, eg sa eg såg han og han spurde kvar eg var. Eg prøvde å forklare og reiste meg opp for at han skulle sjå kvar eg var. "Eg ser deg Ove" sa han, så plutseleg, "Nei, eg ser kolle og kalv, det er ikkje deg! Nei det er ein heil bøling med dyr og den svære bukken!" Dei dyra han såg bak oss fekk aldri me tre som sat på post sjå!

 

Tormod og Bergebukken

 Johnny, Ove og bukken