[ Tilbake ]

Mikkelstølen 12. oktober 2001

Me kom inn til lavvoen om kvelden i 6 tida. Planen var at Tormod skulle gå direkte opp til Myrhaug for å ligge der til neste morgon, då skulle me gå opp lia og prøve å løyse dyr mot Tormod. Gjekk det slik trur du? Å nei du, han hadde ikkje gått meir enn 20 minuttar frå lavvoen då me høyrde eit par skot og på VHF´en høyrde me: "Ta med slakteutstyr og kom!". Då eg kom opp så såg eg at det låg eit flott dyr i graset, men Tormod var oppteken av et eg måtte bli med litt lenger bort for å sjå på noko merkeleg. Det merkelege var ikkje merkeleg i det heile; der låg dyr nummer 2; ein flott spissbukk! Ein stor kronhjort gjekk saman med ungdyra. Bukken fekk gå i fred, men flytte seg ikkje før Tormod var under 50 meter frå han!

 

Tormod med jaktutbyttet

Far med dyra

(Diverre blei desse bilete svært mørke då bileta vart tekne litt ut på kvelden.)