[ Tilbake ]

Brehaugane/Holene 23. september 2001

Tormod og eg kom inn til Supphelle kl 06.00. Det første vi såg var ein stor bukk som gjekk på heimebøen. Vi vart enige om at eg skulle prøve å skyte denne. Eg køyrde difor Tormod først fram til Heimastølen før eg returnerte ned igjen med bilen for deretter å gå ned til elva for å legge meg der og vente på at hjorten skulle returnere opp att i dalen. Det gjorde den sikkert og, men diverre ikkje der eg låg!! Etter denne heller misslukka delen av jakta fann vi ut at vi skulle prøve oss på Brehaugane. Tormod la seg på framsida av Brehaugane mot det som heiter Fjellstølen, medan eg skulle prøve å losa eventuelle dyr som måtte vera der. Det gjekk betre, eg fekk ut kolle og kalv samt ein spissbukk. Spissbukken vart felt, stor var den og.

 

Stolt jeger med årets første i Supphelledalen