[ Tilbake ]
 

Eg har to altoverskyggande hobbyar; fiske og jakt!

 

Jakt
Hjort er det viltet eg brukar ein god tid til å jakte på om hausten. Talet på jaktdagar står nok ikkje alltid i stil med talet på felte dyr, men det gjer ikkje noko. Det blir trass alt mange fine turar og noko kjøt kan det jo også bli!

 

Fiske
Eg byrja å fiske etter aure då eg var ein 7 - 8 år gamal. Det var bestefaren min Olav som vekte fiskeinteressa mi. Tidleg var eg med han oppe i Sogndalsdalen på fiske og då helst på Hyljarvollen. Då eg blei noko større byrja ein kamerat, Jan Berge, og eg å sykle opp i Dalen for å fiske. I grunnen var det nesten rart at me hadde tid til det, men me gjorde det både titt og ofte. Me rigga blant anna oss til med ein plastpressening nede ved vatnet der Haug eig eit stykke, dermed kunne me sitje der når det regna på det verste, noko goretex klede eller liknande var det lite med på den tida!
Det eg først og fremst fiskar etter er aure, deretter laks og røye. Dersom du vil, så kan du sjå meg her i aksjon på Hafslovatnet. Andre bilete frå Hafslovatnet kan du og få ved å trykke her.