[ Tilbake ]

Fremsteteigen 6. november
 

Ivar fekk blod på tann etter å ha jakta med oss den 24. september, dette gjorde at han hadde lyst å vera med oss meir på jakt, noko me tykkjer berre er kjekt. Ivar kom til Supphella søndagskvelden, han ringte oss for å høyre om han kunne ta seg ein liten jakttur måndagskvelden, dette fekk han sjølvsagt løyve til. Så kl 19.30 måndagskvelden fekk Ove ein telefon frå Ivar; "eg har skote to dyr eg no, kolle og kalv". Snakk om utteljing, vore med oss på jakt i to dagar og skote tre dyr, ikkje tvil om at den karen har jakta før!

 

Ivar med kolla

Så var det å byrje å slakte