[ Tilbake ]

Lassebakkskrea 24. september

I går og i dag var Ivar fabro med oss på jakt. Me fekk melding om at det gjekk ein bukk på jordet til Pekka midt på dagen. Tormod og Trygve reiste inn og prøvde, saman med Ivar, å få has på dyret. Dette lukkast diverre ikkje. Seinare på kvelden kom Ove inn for å gå på lys opp til hytta. Då Ove og Mikkel var nesten komne opp til vegskiljet til Heimastødl fekk dei sjå bukken, men då var kl 20:30 og for dårleg lys til forsvarleg jakt. Søndagsmorgonen gjekk Tormod opp til Strunka medan Trygve gjekk fram til Kvannskrea, Ove tok det med ro om morgonen. I 08 tida kom Ivar inn på wakien: "Tormod, Ove, høyrer de meg?" "Ja" svarde Ove, "Eg har skote ei kodle, ein åring" sa Ivar. Laget tykte det var ualminneleg kjekt at det lukkast Ivar å skyte seg eit dyr i Supphelledalen etter gamalt..

 

Ivar i full sving med kolla.
 

I Supphelledalen har enkelte av hjortane kvite klauver
og kvite "sokkar", denne som blei felt i dag var av denne typen.