[ Tilbake ]
|
Blir litt av kvart denne sesongen og: |
||||
| 6. september |
|
19. oktober |
|
|
|
Første grevlingen i år blei som i tidlegare år felt i Sogndal |
Det var i Daurmåla i Supphelledalen at første reven blei teken i år.Hanne på 7,4 kg. |
|
||
| 21. november |
|
25. desember |
|
|
|
Rev nr to i år datt på Hagelin. Eg observerte den litt før kl 24.00 men den forsvant for meg, eg venta til kl 01.00 men såg han fortsatt ikkje. Då ga eg opp og lukka vindauget og gjekk ut, der såg eg han mellom husa og der eg sat, dermed oppatt å åpne vindauget men han kom fortsatt ikkje, dermed opna eg vindaugen på andre sida, der var han og dermed blei det ein rev til. Tispe på 6 kg. |
Årets første som var ein hanne blei teken på Bjåstad, stor var den og; 1,8 kg. |
|||
| 10 desember |
|
26. januar |
|
|
|
Det blei bifangst i dag, ein røyskatt gjekk i mårfella, korleis han har klart det i ei 160 sx felle er ikkje enkelt å forstå |
Det går tregt på mårfronten, dette er berre den andre denne sesongen. Tispe 1,1 kg. |
|||
| 15. januar |
|
18. januar |
|
|
| Det skjer, men ikkje ofte at eg får to same kvelden men slik blei det i kveld, to tisper på hhv. 4,8 og 7 kg | Eg la ut som åte dei to revane eg skaut den 25. og i dag var denne på veg rett opp til der desse låg og dermed blei det den 3. denne veka. | |||
| 25. januar |
|
27. januar |
|
|
| Første måre for i år i B-lia. Slaget kom vel langt bak så måtte justere utløysarane litt så får vi sjå om det hjelper. Hanne på 1,8 kg. | Berre 2 dagar etter den siste så hang ein til i same fella. Denne gangen var slaget for langt framme så det blei til å justere endå ein gang så får me sjå om det no blir betre slag.. Hanne på 1,4 kg. | |||
| 4. februar |
|
12 februar |
|
|
| To små revar i kveld, ei tispe på mellom 4-4,5 kg og ein hann på 4,8 kg. Hannen gjekk rett ned i smellen medan tispa havna i fjorden og måtte ha båthjelp for å få den på land, derfor og vanskeleg å ha eksakt vekt då pelsen var blaut | Så skulle det bli ein til på Bjåstad åtte dagar etter at eg skaut doublé der. Tispe 4,3 kg. | |||
| 1. mars |
|
3. mars |
|
|
| Trudde dette var den som helt åpenlyst har gjort oss til narr i over ein månad, men noko usikker no då det dukka opp nok ein på kamera natta etter. Hanne 1,7 kg | Høyrde ein hanne opp mot Stedjeåsen. brukte tispelyd for å få den ned og ned kom den men det var ei tispe og ikkje hannen eg hadde høyrt oppi. Tispe 5,4 kg. og sesongens nr 9. | |||
| 6. mars |
|
12. mars |
|
|
| Ny hannmår på Bjåstad i dag, vekt 1,8 kg. Denne gangen trur eg me har fått den som berre har gått rundt fella i vekesvis, men tiden vil vise om det dukkar opp endå ein. | Ein rev kome i fin fart i, han forsvant for meg av og til men etter ei stund fekk eg sjå han att. Han hadde ikkje tenkt å kome rett mot meg så eg brukte ei tispefløyte, då vinkla han mot meg og dermed datt han. Lita tispe 4,6 kg. | |||
| 6. april |
|
10. april |
|
|
| Påskefredningstida var avslutta ein time før denne gjekk i bakken på Bjåstad. Fin korsrev denne gangen. | Natta før klarte eg å skremme to revar samt observerte to til, vil tru denne var ein ei dei eg skremte i og med at den kom på same plassen og omtrent til same tida natta etter. Ein liten Bjåstadhannrev på 4,6 kg. | |||
| 14. april |
|
|||
| Tispe på 4,9 kg. blei den 13. og den siste denne sesongen. Fekk denne på Bjåstad og dermed blei det 10 stykker der, 2 på Fagerhaug og ein i Supphelledalen | ||||
| - | ||||