Tilbake

Nordlandsturen 2017

I år blei det igjen ein tur til Gildeskål- og Glomfjordfjella. Ove reiste frå Sogndal tidleg søndagsmorgonen den 30. juli, i 11 tida møtte han Tormod i Oppdal, deretter var det straka vegen til Værnes for der å ta fly til Bodø. I Bodø hadde vi leigd bil for å kome oss opp på fjellet. Verre var det at stengene våre ikkje kom fram. Karane tok bilen til Ørnes og la seg der inn på Ørnes hotell. Måndagsmorgonen kom stengene fram til Bodø så då var det å køyre tilbake til Bodø for å hente desse. Etter å ha henta stengene var det å proviantere og deretter å køyre opp til Namnlaushøgda for så å gå inn til Fiskvann. Ikkje det beste været å gå inn i men det var og det vi hadde å dårleg vær. Vi blei litt rådville då vi om kvelden oppdaga at vi hadde gløymt å kjøpe med brød, men ein SMS til Karl og han tok med seg eit par brød eit par dagar seinare, så takk til brødexpressen. Isen hadde gådd nokre få dagar før vi kom til vatnet og fisket skulle viser seg å ikkje vera det beste, men vi fekk også denne gangen nok fisk til mat sjølv om vi ikkje finn nokon store, auren låg mellom 1 kg og 1,1 kg medan røya låg mellom 400-600 gram. Turen var trass lite fisk veldig vellukka, vi utforska eit par nye vatn, vi besøkte Karl og Raymond i Halshytta og hadde også besøk av dei hjå oss i Fiskvannshytta.

 

 

Må nett ha ein stopp ved elva Spildra i Ørnes, fullt av fisk som normalt

Snart framme til båten som vi rodde over vatnet og fram til hytta

 
Tormod med aure på litt over kiloen   Nyoppussa hytte sidan sist, no også med kjøleskap/frys. Hytta har aldri vore flottare!
 
Tormod studere fisk i Rundvann   Ove med aure frå Saravann på godt kiloen
 
Hyttebesøk av Karl og Raymond   Går det an å ha det betre enn dette?