Tilbake

Blereken 2014

Av ymse årsaker gjekk turen i år til Blereken, dette er eit område ikkje så langt frå Saltfjellet, nærare bestemt så tek du til høgre eit par mil før du kjem opp til Polarsirkelen, deretter tek ein inn Virvassdalen til ein stad kalla Kaffibekken, frå her går turen opp og sydover til ein kjem til område. Om området hadde Tormod fått vite at det skulle huse flott aure og bra røye, hytta vi leigde høyrde til Rana Fiskeforrening. Været var utruleg varmt i år og vatna heldt godt over 20 grader, så forhåpningane om storfiske var ikkje så store, men på trass av varmen fekk vi ein god del fin fisk, dei største aurane låg mellom 1-1,3 kg medan dei største røyene låg mellom 5-9 hekto. Før vi kom så langt nord hadde vi sjølvsagt hatt det obligatoriske hyttebesøket hjå Tove og Bjørn ved Mellingsvatnet samt prøvd lakse- og sjøaurefiske i Røssåga. På retur stoppa vi i Mosjøen der vi budde på Fru Haugans, andre stoppen sørover blei som vanleg i Trondheim, der vi denne gangen var på konsert i Borggården der Morten Harket og Silya hadde dobbelkonsert.

 

Mellingsvannet i kveldssol

I Røssåga beit det bra for Ove denne gangen, han fekk 4 smålaksar i løpet av kort tid

 
Siste førebuinga før oppstiginga til Blerekområdet   Øvrebø skuar ut over litt av vatna i området
 
Kilosaure fiska på tørrflue   Flott aure fiska i Storblereken
 
8 hektos røye fiska med sluk   For å kome til og frå hytta så måtte denne passerast