Tilbake

Nordlandsturen 2013

I år møttest vi på Lillehammer, derifrå gjekk turen rett nordover til Mellingen og besøk hjå Bjørn og Tove i Bjørnehiet, her vart vi verande eit par dagar. Som alltid hadde Ståle, med hjelp av Tove, laga i stand eit festmåltid som vart fortært i gapahuken til Ståle. Etter dette blei det til Korgen og Røssåga, Ove fekk ingenting her men Tormod fekk ein liten laks og ein sjøaure. Etter Røssåga vart det vidare nordover over Saltfjellet, var forresten 27° då vi passerte Polarsirkelen, og til første stopp i Sundsfjord for å hente nøklane til Fiskvannshytta hjå Synnøve. Etter å ha fått tak i dei var det rett til Namnlaushøgda for å gå innover mot Fiskvann. På Namnlaushøgda trefte vi heilt tilfeldig Einar Buvik (kamerat av Oves far) og son hans, hyggeleg møte. Vi fiska i tallause vatn men hadde dårleg utbytte den veka vi var i fjellet, været var strålande men vanntemperaturen var dessverre altfor høg til å ha godt bitt. På retur vart det først ei overnatting på Ørnes hotell, her fekk vi ein eigen konsert om natta med eit tangoorkester frå Argentina og Uruguay, ei spesiell oppleving. Etter Ørnes vart det vidare til Mosjøen der vi la oss inn på Fru Haugans hotel, her blei det nesten slektsstemne. Etter Mosjøen blei det Trondheim for overnatting og deretter heim dagen etter. På trass av labert fiske hadde vi ein flott tur nordover også i år, vi er klar for ny tur til neste år!

 

 

Ståle har som vanleg laga kjempemat til oss

Ein skulle tru vi hadde utstyr til ein heil bataljon med oss

 
Tormod prøver etter laksen og sjøauren i Røssåga
 
Einar( min fars kamerat) og Hilmar Buvik traff vi på Namnlaushøgda   Nett komen til hytta etter marsjen frå Namnlaus,
 pilsen blir ikkje bedre enn dette :-)
 
Øvrebø har fiska litt og må setje seg for å fortsetje fiskinga   Blei lite fisk i Sundvann og Forsvann, så vi laut ty
til grillpølser denne natta