Tilbake

Nedre og Øvre Revlingsjøene 2012

Det blei ikkje heilt det store fisket på denne turen. Vi har etter som åra har gått lært oss korleis vi skal fiske etter røya, men det passa ikkje inn på røyene i Femundsmarka. I Nordnorge har vi hatt det beste fisket når det har vore stilt og då gjerne på kveld og morgon. Slik fiska vi også denne gangen heilt til siste dagen då vi fekk besøk av nokre andre fiskarar i nabohytta. Dei kunne fortelje at å fiske etter røya der når det var stilt var nytteslaust, vidare kunne dei fortelje at skulle ein drive med flugefiske så måtte det for all del ikkje vera stripande fluger, noko vi har hatt for vane å gjere. Vi skulle ha ønska at desse fiskekameratane hadde kome opp på fjellet nokre dagar før, slik at vi hadde sluppe å gjera alle feila vi gjorde, men på trass av feilfiskinga fekk vi fisk. 

 

Flott røye på 1,3 kg

Ikkje noko å seie på kondisjonen til auren!

 
Båt hadde vi disponibelt og her er Ove på ein liten rotur   Carl von Linné hadde campa på same plassen som hytta vi disponerte stod. Linné var manne som klassifiserte alle dyre- og planteartar som var kjent på hass tid. Han innførte nomenklaturreglane som den dag i dag, med visse endringar, vert nytta innan biologien
 
Irsk folkemusikk, representert ved Andrea Rice, fekk vi og med oss   ATVen vi møtte utanfor nærkjøpet på Elgå var verdt eit bilete. Sjeldan eller aldri har vi sett ein så påstæsja ATV. Vi møtte denne også på vegen då vi var innom Sverige ein dag, gjekk ikkje akkurat fort med den!
 
Skal visst vera gull i enden av regnbogen, kan ikkje seie vi fann noko   Nydeleg mat!!