Tilbake

Nordlandsturen 2011

Turen starta som vanleg ved at Tormod og Ove møttest på Værnes så var det å reise rett til grensa mellom Nordland og Nord Trøndelag, nærare bestemt til Bjørnehiet ved Mellingsvatnet, der vart Tormod og Ove som vanleg teke godt i mot av Tove og Bjørn. Etter å ha ete og drukke godt og hatt eit par små fiskeekspedisjonar var det å reise vidare nordover. Første stopp i Nordland var som vanleg ved Laksfors i Vefsna. Såg ikkje ut til å vera dei store mengdene med fisk der i år, og mindre skulle det bli i august for då skulle elva rotenonbehandlast pga gyrodacylus salaris. Etter ein kort stopp der vart neste stopp Fusta, der var våre fiskevenner frå Bodø området samla. Kjekt møte og flotte karar. Etter dette var neste stopp Røssåga i Korgen. Her hadde vi eit veldig bra fiske og campingen var utruleg godt plassert i høve fiske. Neste stopp vart Glomfjordfjella der vi budde på Naustet ved Fiskvann i omlag ei veke, men før det traff vi far og eine onkelen til Ove på Ørnes Hotell. I år fekk Tormod pers på fjellaure teken på fluge, elles godt med fisk men ikkje så mange av dei heilt store dette året. Returen vart om Ørnes og Ørnes Hotell. Sommardagan held på og vi tok sjølvsagt del i dei :-) Etter det vart det igjen ned til Røssåga før turen gjekk heim igjen.