Tilbake

Nordlandsturen 2010

I fjor gjekk fisketuren til Grønland men i år var tida komen til å ta ein ny tur nordover. Tormod og eg møttest på Værnes, første stopp var som normal i hytta til Bjørn og Tove ved Mellingsvatnet på grensa mellom Trøndelag og Nordland. Etter dette vart neste stopp Beiarn, her prøvde me lukka i lakseelva men det blei dårleg med fangst, eit forferdeleg vær med temperatur ned mot null og nysnø langt ned . Etter å ha overnatta på Frantzen Gjestegård bar det vidare til Glomfjord etter først å ha stoppa hjå Synnøve i Sundsfjord for å hente nøkkel til hytta på fjellet.

På fjellet hadde me eit kjempevær, men diverre var det i år ein sein sommar så klekkinga var ikkje starta, likevel vart det ny rekord, me fekk ein aure på noko over 2,3 kg, av røyer fekk me nok matfisk sjølvom den største røya kun var på 1 kg. På fjellet fekk me også betrakta nyehytta til Karl, kjempehytte!

På sørtur blei det stopp for å fiske i Fusta i Mosjøen men det blei sørgeleg dårleg fangst her og. Til slutt vart det ny overnatting i "Bjørnehiet" med førsteklasses traktering av mat besørga av sjefskokken Ståle.

 

Fiskvatnhytta i framgrunn, ikkje lite vakkert her

 

Dette er det me ser når me går ut frå hytta :-)

Tormod med turrfluge ved Saravann

 
Spissbåt på Fiskvatn   Karl i nyehytta. Gratulerer Karl!
 
Sjefskokken Ståle   Neppe lurt å krysse elva her!
Ove med ny nordlandsrekord på aure