Tilbake

Nordlandsturen 2008

Ny tur og nye mulegheiter. Første stopp hjå Bjørn og Tove på hytta deira ved Mellingsvannet. Her blei det tid til å prøve fisket etter Namnsenblanken men lukka stod oss ikkje bi. Det blei også ein liten tur opp til Fisktjønna men også her blei fangsten heller mager. På turen vidare nordover traff vi Sissel (søskenbarn av Ove) i Mosjøen, etter kaffi med Sissel inspiserte vi Fusta før turen gjekk til Rognan og overnatting der. Dagen etter blei det inspeksjon av Beiarelva før kursen vart sett sørover langs kystriksvegen til Glomfjord . Så var det dags for fjella og storfangst (håpa vi). Det gjekk ikkje heilt som forventa men på trass av dette klarte Tormod å sette ny personleg flugefiskerekord med ei røye på 1,1 kg. Vi fekk ikkje meir fisk enn vi trengte, men ein flott fjellferie var det likevel. På returen vart det på nytt innom Beiaren då Tormod ville prøve seg i Beiarelva. Her var ein laks oppe og snusa på flua til Tormod, det blei med det. No var der vidare sørover til Anna og Reidar i Leirfjorden. Anna hadde diska opp med gode smørbrød og vi sat på verandaen og kosa oss utover kvelden. Dagen etter skulle vi fiske i Fusta, det gjorde vi og sjølv om vi bomma på fiskedagen vår, vi skulle eigentleg ha vore i elva dagen før!! To sjøaurar, det var alt vi fekk her. Dagen etter var det igjen vidare sørover til Gaula. Her hadde vi ein laks på i lengre tid men mista den til slutt. Vel vel, fisket kunne ha vore betre enn vi opplevde i år men uansett var det ein kjempetur nordover denne gangen og.
 

 

Praten går bra på terassen til Bjørn og Tove   Tormod med ny fluerekord for røye, 1,1 kg.

Tormod og Arne ved Seglvann   Arne på veg ned treppene ved Kjibba
 
Sissel og Ove på verandaen til Reidar og Anna i Leirfjorden   Pannekakesteiking ved Saravann kl 2 om natta
     
Ove med røye oppmot kiloen