Tilbake

Henningsvær 2008

Så var det tid for den årlege skreifisketuren til Henningsvær. Ville vi i år også få knallvær og ville skreien bite? Det er alltid ei viss spenning med dette før avreise. Vi reiste nordover tidleg torsdag morgon med Norwegian, men turen skulle få komplikasjonar, vi måtte nødlande på Værnes og der blei vi verande der i 7 - 8  timar. Stemninga var temmeleg høg då vi omsider fekk nytt fly til Evenes

Fredagsmorgonen opprann med knallvær og i 10-tida reiste vi ut med båten Anne Bro. Fisk fekk vi litt av men den var ikkje noko vidare bitevillig denne dagen. Mannskapet laga kjempe fiskesuppe til oss først på dagen og noko seinare lunch med blodfersk skrei og rogn, til middag serverte Liv og Roger; boknafisk, eit kjempemåltid. Neste dag var været om muleg endå betre, dagen starta med RIB'en til Rolf og turen gjekk til Skrova, der var det samla fleire hundre menneskjer som alle var feststemte. I 15-tida var det igjen ombord i Anne Bro for å fiske og nå fekk vi godt med fisk og igjen laga mannskapet herleg fiskesuppe til oss. Middagen tok vi på Fiskekrogen før vi reiste inn til Svolvær der VM i skreifiske blei arrangert denne dagen.

Liv og Roger
Vertskapet vårt på Finnholmen Brygge

 
Lunch ombord på Anne Bro  

Thore, Oddvar og Tormod har bevilga seg ein pause i fiskinga

 
RIB'en til kai på Skrova  

Folkefesten på Skrova