Tilbake

Nordlandsturen 2007

Eg møtte Tormod på Stjørdal og dermed var fisketuren i gang. Første stopp var, i år som i fjor, hjå Bjørn og Tove på hytta ved Mellingsvatnet. Denne gangen tok me ein fisketur saman med Bjørn og Ståle til Steinfjellet der me ei natt fiska etter auren. Ein flott tur, me fekk ikkje så mange aurar men nokre blei det. Etter stoppen på hytta til Bjørn og Tove reiste me vidare nordover, den første stoppen blei sjølvsagt ved Laksforsen i Vefsna. I år var det mindre fisk som viste seg enn det me har sett tidlegare.

Neste stopp vart Fusta ved Mosjøen  før me reiste vidare nordover over Saltfjellet. Me overnatta på Saltstraumen hotell og reiste morgonen etter til Sundsfjord der me fekk nøkkelen til Nausthytta av Synnøve. Siste stopp før fjella blei Ørnes der me kjøpte fiskekort og elles bunkra opp til fjellturen.

Me fekk eit framifrå vær på fjellet og aldri har vel me fått så mange flotte røyer, dei fleste låg mellom 1,5 og 2 kg. og sjølvsagt vart det besøk i Hals hytta, alltid kjekt der.

Etter å ha vore på fjellet i ei veke, der det kun gjekk i fiske og noko eting, var det tid for sørtur. Første stopp vart hjå Anna og Reidar i Leirfjorden. Hyggeleg vertskap! I år hadde Reidar tilmed bestilt kvalshow til oss; på formiddagen kom 7 kvalar inn fjorden og hoppa oppimot 2 m. før dei landa på sida for å slå i svime fiske som dei seinare plukka opp. Eit mektig skue. Dagen etter blei det fiske etter sjøauren i Fusta, og jammen fekk me ein sjøaure på 6 kg.

Etter fiske i Fusta køyrde me til Bjørn og Tove igjen og la oss på morgonkvisten. Me sov ut for så å dra vidare til Gaula, her blei det kun ein tert på oss men me hadde kontakt i vel ein halvtime med ein storlaks. Etter å ha overnatta på Valdøyan Camping eit par dagar var det avreise og heim igjen til Sogndal.
 

 

Tormod med Steinfjellsaure   6 kilos sjøaure frå Fusta

Kokkelering kl 05 ved utløpet av Seglvann   Karsken i venstre- og elektrisk
flugedrepar i høgre handa. Stas :-)
 
Tert frå Gaula   I Gaula fekk me besøk av to storfiskarar frå Hafslo