Tilbake

Nordlandsturen 2006

Turen nordover starta i år i Trondheim der eg møtte Tormod som hadde vore på noko hipp hopp greier i Meldal. Vår første stopp var hytta til Bjørn og Tove, som vanleg eit glimrande vertskap. I år hadde hyttenabo Ståle diska opp med ein ekstrem flott middag. Menyen bestod blant anna av heilsteikt rådyrsadel, indrefilet av rein, elgsteik, heimelaga spekepølser av elg/rein,  heimelaga middagspølser av elg/rådyr, søtpoteter, forrett av sopp osv. I det heile, eit gourmet måltid! Etter to døgn på hytta med fiske på nokre småvatn, drog vi vidare nordover. Me stoppa i Laksforsen i Vefsna før me køyrde ut til Leirfjorden for å besøke Reidar (Ove sitt søskenbarn) og kona hass, Anna. Etter dette blei det direkte til Arne på Grimstad i Gildeskål før me gjekk opp til Fiskvatn.

På nausthytta ved Fiskvatn hadde Per Ingar (svoger av Ove) og Tom Erik ( Per Ingar sin son) vore nokre dagar før me kom opp, været blei veldig bra og dette gjorde sitt til at dei blei verande med oss eit par dagar til. Vi hadde det hyggeleg i lag. Vidare var me sjølvsagt på besøk fleire ganger til Karl på Halshytta. Både været og fisket var gedigent i år, me fekk flott røye både på flue, sluk og spinnar. Etter fjellturen vår reiste vi for å fiske i Fusta, der var det lite vatn med mykje men diverre ikkje bitevillig sjøaure. Vi avslutta turen vår i Orkla, der var det bra med fisk, men heller ikkje desse var bitevillige.

Under vil du finne nokre bilete frå fjellturane våre.

 

Fin tjønn i nærleiken av Mellingen

 

Tormod med si første røye teken på flue

Bilete frå Steinvasstjønna   Tormod med kilos Seglvatnrøye teke på flue

Røye er fisken over alle fiskar!

Flottare fangst kan ikkje noko vatn gi oss. Seglvatn me takkar deg!

Ove med røye på 2kg
teke på sølvkroken spesial
  Fin fangst!
Klokka er 6 om morgonen, Tormod slappar av ved bålet   Så var det å få til å steike pannekaker på ei ujevn helle!
Tormod med hellesteikt røye samt tørka
reinskjøt ved den faste rasteplassen
ved utløpet av Seglvatn
  Ove prøver så godt han kan å steike
pannekaker på helle
Snart er middagen, eller var det frukosten eller lunchen, klar!
Fin varme på grua vår