Tilbake

Fjellbilete frå Gildeskål og Glomfjord sommaren 2002

Også i år tok eg turen opp til opphavet mitt. Far og eg leigde som vanleg "Naustet" til Gildeskål Jeger- og Fisk i 5 døgn. Hytta ligg ved Fiskvann i Gildeskål kommune. Ved Fiskvann ligg og hytta til Karl Hals, eg fekk gleda av å besøke Karl og Kenneth i hytta deira, det blei eit bra besøk ;-))  Fisket var ikkje det beste denne sommaren, til det var det for mykje nordavêr. Dette værdraget har aldri vore det beste fiskeværet så heller ikkje i år, men fine turar blei det likevel. Elles så reiste Einar Buvik og eg på dagstur til Lille Storglomvann, 12 timar utan napp!! Vidare var eg som vanleg eit par turar opp på Øvre Glomvann, dessutan vart det fisking i Fykanvannet, Sandvann, Segelvann og Svalvann

 

Faderen med Nausthytta i bakgrunnen

Kryssing av elv ved
utløpet av Fiskvann

Eg og 3 halvkilos røyr tatt i Seglvann

Seglvann

Bilete frå Lille Storglomvann