Tilbake

Nordlandsturen 2001

År 2000

Eg var oppover i fjor og men då skulle det vise seg at vi hadde gløymt å ha film i kameraet. Eg kom då opp den 18. juli og var der  i gode 10-12 dagar. Vi fiska i Sandvann tre ganger før vi dro på hytta på Fiskvann. Vi dreiv ein del med utfiskingsgarn i Seglvann,, dette i håp om at størrelsen på fisken skulle auke i ettertida. Det blei ein god del fisk i garna men forholdsvis lite på stang. Dette var ein veldig varm sommar og vatna var lunkne så fiskebittet var omtrent fråværande. Etter at vi returnerte frå Fiskvann så vart det nokre turar til Glomvann her fekk eg ein del fin fisk, den største var 650 gr., fin steikfisk. Prøvde meg og i Laksådalsvannet men fekk ikkje noko, derimot så blei eg invitert opp på hytta til gamle politimeistaren i Bodø; Odd Ellingsen, Sidan eg køyrde blei det berre saft på meg, dei andre derimot drakk ikkje saft :)

År 2001

Så til i år. Henny, Ina og eg kom opp den 10. juli, dei dro ned igjen den 13. og den 15. dro far og eg opp til Fiskvann, Vi fiska i Seglvann og Lille Svalvann. I Lille Svalvann såg det ut til at dei nettopp hadde hatt uti settefisk så der slutta vi ganske fort å fiske, vi ville heller kome igjen eit seinare år då fisken hadde vokst seg større. I Seglvann fekk vi 20 røyr på stang, den største på 1,2 kg. Vi dreiv også i år med utfisking i Seglvann, her fekk vi på land ca 40 fiskar. Fekk meg og eit par turar opp på Øvre Glomvann, fekk totalt 13 flotte aurar, men i år var kjøttfargen noko bleikare enn føregåande år, dette skuldast nok at vatnet var nedtappa med ein 7-8 meter, noko som hadde medført at ein god del av insekta i vatnet hadde daua. Fredag 20. juli dro vi til Tollådalen til det som no er Stigs hytte, her overnatta vi og dagen etter blei det tur til Riebivagge, det blei ein lang tur men vi kom no oss fram til Belnovannet/Biellnojavrre til slutt. Vi hadde investert  i nye Jerven fjelldukar, men dei var nok ikkje gode nok til det været vi skulle få så vi hadde ikkje anna val enn å starte på heimturen midt på natta. På heimvegen stoppa vi slik at eg kunne få tatt nokre kast under Storpåskfossen, det var vellukka, der fekk eg ein aure på over kiloen. Eg har nå sett mykje fin raudfarge på fiskekjøttet tidlegare, men denne trur eg slår alle rekordar, ufatteleg at kjøttet kan bli så knallraudt og det attpå til i ei elv! Generellt kan vi seie at været ikkje har vore på vår side på denne turen, det har vore rikeleg med vind, regn og kulde.

 

Flott røye på 1,2 kg tatt på stang i Seglvann

 
Sløying av fisk ved Seglvann   Far i bakkehallet ved seglet med utsyn mot Halshytta
 
På veg mot Riebivagge   Fiske i kulpen under Storpåskfossen
Kilosaure tatt i Riebijåhkå