Tilbake

Nordlandsturen 1998

I år som i fjor så kom eg opp den 20.juli og reiste ned att den 4. august. I år vart det meste av fisketurane lagt til Glomfjordfjella. Den første turen, eller rettare, dei to første turane gjekk til Sandvann, ikkje noko vidare bit her, kun ein aure til kvar av oss, men betre skulle det bli. Den 24 juli gjekk vil til Fiskvann der vi fiska i innosen. Far hadde på tre storrøyer men trudde at redskapen sat fast i garn så han hala og dro og sleit sena tvers av på den første røyra. To ganger til hadde han på storrøyer, men han var for hard med dei og mista begge. Eg stod på andre sida av innløpet og fekk på ein vilter fisk, det skulle vise seg å vere ein stor aure som vi veide til 1,9 kg då vi kom heim til Grimstad. Fisken var heilt blank så ein skulle nesten tru det var ein sjøaure, men då måtte han ha hatt helikopterlift opp :) Dagen etter var det sjøfiske med Atle Nederlo, også ein sogndøl. Vi fekk utruleg bra med fisk ved Glomneset. I Skauvolldalen fekk vi kun 6 små aurar, ingen suksess med andre ord. Så gjekk turen til Beiarn men her vart det ikkje til at vi fiska i år. To ganger var eg på Øvre Glomvann i slutten av perioden, fekk 7 flotte aurar, knallraude i kjøtet, første dagen, dagen etter fekk eg absolutt ingenting. Siste turen vår gjekk til Seglvann, her blei det ingen fangst

 

Ny pers for meg i nordland; 1,9 kgs aure

 

Skjeggen i midnattsol

Kafferast i Skauvolldalen

 
Inne i Beiarn for å hente stigen som vi brukte for å beise i fjor   Trur dette er Seglvann