Tilbake

Nordlandsturen 1997

Då var tiden komen for ein ny tur til Grimstad/Gildeskål/Glomfjordtur. I år blei det først ein par turar til Sandvann. Deretter ein tur ut til Johan på Meløya før vi prøvde oss i Skauvolldalen. I Skauvolldalen blei det klart at vi nok ikkje hadde verdens beste kommunikasjon oss i mellom, då vi hadde fiska vel og lenge så gjekk Far til eit nytt vatn, trudde eg, medan Far trudde at eg hadde gått ned att mot vegen, så dermed begynte han å gå ned frå fjellet. Eg leita og ropa etter han, plystra så godt eg kunne, men ingen respons. Eg blei etter kvart ganske så irritert over at han ikkje kunne svare og til slutt fann eg ut at eg berre fekk gå nedover mot bilvegen att. Far på si side fann ikkje noko fotefar som kunne tyde på at eg hadde gått nedatt men han fortsette likevel nedover. Vel, vi trefte kvarandre til slutt att nede ved bilen, eg i kanskje litt i overkant forbanna. Etter den famøse turen til Skauvolldalen var det dags for ein ny tur til Beiarn. Vi overnatta i hytta der før vi dro opp til Sundvanna, uten sovepose og telt sjølvsagt. Været var kaldt, dette medførte at vi ikkje blei verande der så lenge vi hadde planlagt. Den siste turen gjekk til Ner-Stia og Samuelvann. Ikkje det store fiske her heller. Det blei 17 dager her nord før eg reiste heim igjen den 6. august.

 

Pause ved Ner-Stivatnet til Knut

 
Kan ikkje berre fiske, må ha pausar og :)   Ove ved steinen på Holmvatnet i Beiarn
 
Retur frå Sundvanna ned att til Tollådalen   Huset på Grimstad