Tilbake

Nordlandsturen 1996

I år reiste Ina, Henny og eg nordover. Det blei naturleg då ikkje så mykje fjellgåing som vanlegt men noko blei det. Vi hadde blitt invitert av Knut Sundsfjord til å kome opp til han på Ner-Stia, Knut sitt private fiskevatn. Då vi kom opp hadde Knut laga ei gedigen gryte med nyfiska røyr, det smakte! Ein dag dro me innover til Samuelvann for å fiske der, noko fisk blei det der men ikkje heilt det store. Faderen og eg prøvde fiskelukka på Ner-Stivatnet men det stod ikkje til å få fisk der. Knut tykte dette var rart så han tok seg ein liten tur ned og kom att med rikeleg med røyr, var visst eit eller anna me ikkje hadde lært oss. Det blei sjølvsagt ein tur i Glomfjordfjella og, blant anna fiska Ove nokre gonger i Øvre Glomvann. Eit fasinerande fiske her, fisken trekte inn mot elveosen om kvelden og først då beit han. Flott aure i dette vatnet og fangsten blei bra den. Det blei og ein tur til Lille Storglomvann, Sandvann og Hørnquistvann men lite fisk å få alle plassar.

Knut og Ove tek det med ro framfor hytta til Knut

 

Faderen skuer utover Storglomvann

Karane slappar av. Dårleg bilde men det får så vere.

 
Ina, Henny og eg på stranda ved Mevika   På leit etter revehi på Grimstad