Tilbake

Nordlandturen 1994

Ny tur nordover, også dette året blei det ein god del fisketurar til fjells og litt i havet. Vi var både på Meløya og prøvde sjøfiske i lag med Johan Sørgård, her vart vi verande eit par dagar. Vidare fiska vi i Beiaren i Sundvatna, Djupvatnet og Holmvann. I Holmvann fekk eg mine første røyer. Vidare var vi å fiska i Bolivann, dette låg ikkje så langt frå Namnlausvann i Glomfjord, vatnet er no neddemt i forbindelse med utbygginga av den nye dammen ved Storglomvann. Auren i dette vatnet hadde direkte dårleg kvalitet. Må nett nevne ein liten historie frå Sundvann; då vi hadde sett opp teltet så skulle vi koke oss kaffe, det vart ikkje så enkelt då vi kun hadde teke med oss loket til kaffikanna.

 

Den 27. juli fekk eg mi første røye, ca ein halv kilo

Den 28. juli fekk eg to flotte røyer i Holmvann, vekt 1,1 og 1,3 kg.

 
Sjøfiske uanfor Meløya, her vart heller lite med fangst   Litt usikker på kvar dette bilete blei tatt
 
Overnatting i telt ved Sundvann   Johan og Ove inspiserer traktoren til Johan
Å prøve å koke kaffi uten å ha tatt med kaffikanna er ikkje lett