Tilbake

Nordlandsturen 1993

Årets tur vart gjennomført i tiden 13. juli til 28.juli, dette er nok i tidlegaste laget når det gjeld is på nokre av vatna. Den første turen vår gjekk med utgangspunkt frå Langvatnet i Gildeskål der vi parkerte bilen. Vi gjekk først til Daumannsvatnet, vidare til Stabburfjellvann før vi gjekk gjennom skogen ned til Fellvann og langs stranda her fram tiil innløpet frå Sundvasselva. Fisket var ikkje det store, vi fekk nokre aurar i Daumannsvatnet og Stabburfjellvann men Fellvann svikta heilt, her fekk vi ikkje eit einaste napp. Neste tur gjekk til Beiarn og til hytta på Skulneset i Tollådalen. Det lynte og tordna men vi tok likevel teltet med og gjekk opp til Sundvann der vi telta. Ikkje noko vidare godt fiske i Sundvann så vi overnatta kun ei natt før vi gjekk ned att til hytta. Neste tur var frå hytta og opp til Nordre Bjellåvann, men det var for tidleg i sesongen, vatnet var fremdeles heilt dekka av is. Siste turen vart til Stolpvatnet på motsatt side av Tollåga. Vel oppe sa eg til far at når det skymtes så villeeg få ein aure ved innoset som kom frå ein liten bekk. Då det var på det "mørkaste" kaste eg sluken dit eg hadde sagt eg ville få ein aure og ganske riktig, det beit på ein stor aure. No var det far sine teoriar om korleis vi skulle lande auren vi skulle prøve, han tok opp eit lommetørkle som han tok framom sporen på auren og løfta den opp frå vatnet, men aure er ikkje laks så auren glapp ut av lommetørklet og datt ned igjen i vatnet og borte var han. Eg skal ikkje seie kva eg sa med det same, men det blei nesten som ein Pompel og Pilt situasjon så irritasjonen gjekk fort over til ein god latter. Den siste turen vart til Namnlaus der vi prøvde oss igjen i Bolivann, men ikkje noko vidare fangst. Turen vart avslutta i Fykan men opphaldet der blei kort då det kom ein sterk vind ned Fykandalen som gjorde det umuleg å fiske.

 

Maten smaker ekstra godt i fjellet

 
Robåten vi disponerer i Fiskvann   Karstvannan
 
Stolpvann, der forsvant den auren   Usikker på kor dette bilde blei tatt