[ Tilbake ]

Ingen rådyr i år, eller blir det kanskje ein tur til i år?

Dags for den årlege rådyrjakta i Kjose. Første jaktdagen kom det geit og killing i ein voldsom fart forbi meg men hadde ikkje sjans til å skyte på dei. Etter første dagen såg vi ikkje fleire rådyr førs siste dagen eg var på jakt. Den dagen kom det først ein bukk hoppande rett over vegen det eg posterte, ikkje sjans på den heller. Ei stund etter kom det ei og geit men pga busker og kratt kunne eg heller ikkje skyte på den. Seinare den dagen såg eg det kom minst eit dyr tilbake men då eit stykke frå meg og også denne gangen vat dyret dekka av busker og kratt. Det spesielle denne jakta var at det vart funne gaupedrepte rådyr, heilt ferske.

 

Rikeleg med folk første jaktdagen

 

Det er alltid pause med kaffi og grilling mellom øktene

 

Utsikte frå eine posten eg hadde

 

Her posterte eg på ei øy som heiter Bjørnøya

Eit rådyr nettopp drepe av gaupe, det hadde nok skjedd same morgonen eller natta før me skulle jakte. Det virkar som om gaupebestanden har auka ein del der me jaktar, det vart funne fleire gaupedrepte i området.