[ Tilbake ]
Dei vart rådyr i år og
Tore inviterte igjen på rådyrjakt i Kjose, også denne gangen fekk eg eit vellykka resultat, Eg var i år gjestejeger med Rune S, Arne B, Tore S og jakta og ei økt hjå Helge Vassbotn. Andre jaktdagen kom Bella med dyr til meg og dyret gjekk rett ned. Det skal og seiast at eg hadde med termisk spottar og hadde sett eit lyspunkt ein 70-80 m frå der eg posterte, etter å ha drege ned dyret og fyrt opp og grilla pøler gjekk eg igjen på posten min og fortsatt ser eg det lyser i spottaren på same plass som før pausen så då vi skulle gi oss for dagen tok eg med rifla og gjekk bort for å sjå kva som lyste slik, og 5 m frå punktet spratt det opp eit rådyr, eg heiv opp rifla, skreik og rådyret stoppa vinkelrett på meg på ca 10 m, eg fann kjapt bogen og trakk av men det gjekk dårleg, eg hadde gløymd å ta av sikringen og det var det, snakk om nybegynnar feil, jaggu godt eg alt hadde fåtte eit dyr. Neste gang eg var i kontakt med dyr var ned hjå Helge men då sat eg ikkje godt nok plassert og dyret fekk gå. Alltid når vi jaktar i Kjose så tek me pause, fyrer opp eit bål og grillar pølser og fortel om laust og fast, ein fin gjeng å jakte med. |
|
Liten fjorårsbukk som blei fallet i år |
Dags for pause og grilling |