[ Tilbake ]

Nytt rådyr i Kjose

Ove reiste nedover til Nøtterøy på torsdag og overnatta der før Henny; som alt var på Nøtterøy og Ove på fredagen køyrde vidare til Irene og Tore i Kjose. Dagen etter blei første jaktdagen været var ikkje akkurat noko å skyte av, det var samanhengande regnvær fram til og med mandag men på tysdag var det kjempevær og då datt det også eit rådyret for Ove. Dei jakta i to områder, det eine tilhøyrande Fritsøe skoger og det andre tilhøyrande Øystein. I Fritsøe sitt terreng var Ove gjestejeger med Arne B den 4. november og med Tore den 5., 6. og 7. november. I Øystein sitt terreng jakta dei morgonen den 4. november. Det vart sett både hjort og elg men også rådyr som dei var ute etter. Det ville seg ikkje før siste jaktdagen, då Ove fekk sitje i eit jakttårn :) Ove kom på plass og gjorde seg klar til jakt, han sveipa over terrenget med termisk spottar, såg noko lyst omlag 70 m frå seg, men dette tenkte han enten var ein stein eller stubben på eit nyfelt tre. Så gjekk losen og den nærma seg Ove dermed røyste steinen/trestubben seg og Ove såg det var eit dyr, men om det var hjort eller rådyr var umuleg å sjå gjennom dei tette buskene som var framom dyret. Ove ga Tore melding på radioen om at det låg eit dyr ikke så langt frå han. Tore spurte om han skulle prøve å komme å løyse dyret men Ove sa han ville berre vente til dyret reiste seg opp og starta å beite. Det tok si tid men til slutt reiste det seg og Ove skaut og dyret datt på flekken.

 Årets rådyr

Slik ser gjestejaktkorta ut