[ Tilbake ]

Det blei rådyr i år og om enn..

 Så var det på ny ein tur til Kjose for å prøve seg etter rådyra. Denne gangen kunne vi skyte elgkalv, hjortekolle og kalv og sjølvsagt rådyr. Første dagen losa Bella med ei gong, dyret sprang vel fort og berga seg, losen varte i godt 5 timar og forsvann i retning Langangen. Ove prøvde å snike seg inn på ein anna bukk men denne var nok obs på han og forsvann før Ove fekk skote, Dag 2 var det i terrenget til Øystein, Bikkja hass, Kasper, fekk los med ei gong men dachen kom seg ikkje over bekkane som hadde blitt store pga av regn i fleire dagar. Derimot kom det ein 12-taggar på 20 meters hold til Øystein men det hadde vi ikkje løyve på så den fekk gå, Øystein tok eit par bileter av denne. Dag 3 var vi i terrenga til Helge, igjen blei det los med ei gong, denne gangen igjen av Bella. Tore såg dyret med ei gong men haldet var for langt. Rådyret tura rundt men klarte til slutt ikkje å kome seg unna og rådyrlammet var i boks.

 

9,5 kg, jammen er dei små!