[ Tilbake
.Stor kalv ved Fjellstølen på Berge
|
Asle og Lars reiste tidleg på Berge i dag, Asle ville opp på
Endrefjellet medan Lars ville opp på Leigdene. Asle såg kolle og
kalv på Endre men haldet var litt for langt så der vart det
resultatlaust, på Lars derimot vart det klaff. På vegen opp mot
Fjellstølen vart han vár ei kolle med kalv. Han konfererte med Asle
om han skulle prøve seg både på kalven og kolla, Asle meinte det
kanskje måtte halde med ein kalv der oppe då det var både langt g
tungt å dra både kolle og kalv ned att til veg og bil og også at det
var att lang tid av jakta så ei kolle måtte det gå an få seinare i
jakta og slik blei det, Lars skaut kalven og fekk drege den ned til
Midtstødl der Asle no var komen ned frå Endre for å hjelpe han.
|
|
|
|
Største kalven så langt i denne sesongen |
|
|
|
Kalven halvveges dratt over brua ved Fjellstød på Berge |