[ Tilbake

.Spissbukk i Daurmåla

.I dag var det å stå opp før fuglane feis. Ove køyrde med Asle og Lars køyrde med Tormod inn på Berge, vel oppe der så fann Tormod og Ove ut at dei kanskje hellet skulle køyre ned att og køyre fram i Supphelledalen medan Asle og Lars ville prøve seg på Endrefjellet og i det vi kallar Bukkali. Inne i Supphelledalen ville Ove prøve seg i Daurmåla medan Tormod ville køyre lenger fram i dalen. Det var ikkje mykje dyr å sjå nokon plass så etter ei tid ba Ove om at Tormod skulle hente han att, Tormod kom og Ove gjekk bort til bilen for å setje sekken og rifla inn i bilen og medan dei stod der å snakka såg Ove plutseleg ein spissbukk ca 200 m frå bilen, Dette haldet var for langt for Ove men Tormod ville prøve seg på dyret, han monterte rifla att og la seg ned men på grunn av krumminga på marka klarte han ikkje å sjå bukken. Dermed var det å huke seg ned og gå gjennom skogen til bua, der la Tormod seg ned, fekk sett bukken godt og skaut og spissbukken kollapsa fullstendig og dermed var sesongens første dyr i boks..

 

Spissbukk i Daurmåla første dagen og første dyret i sesongen