[ Tilbake

.Liten bukk i Daurmåla

.Tormod og Ove køyrde inn att i Supphella om kvelden, Tormod køyrde fram for å sjekke Breli og andre plassar der inne medan Ove gjekk bort i Daurmåla. Då Ove gjekk bort såg han tre dyr hjå naboen. Ove gjekk berre bort til bua og håpa at dyra ikkje forsvann, noko dei heller ikkje gjorde. Etter ei stund, derimot,  forsvann bukken medan kolla og kalven beita seg roleg framover mot Ove men då dei omtrent var komen i posisjon for Ove så snudde dei og beita seg bort frå han igjen. Det var det tenkte Ove men då det begynte å skymast litt så kom det ein bukk framme frå dalen, denne stoppa ca 130 m frå Ove, snudde breisida til og dermed skaut Ove. Det tok litt tid før karane fann denne då han sprang inn i tetta så til slutt måtte hovudlykter på og etter litt tid fann Tormod bukken og så var det "berre" å få dra han ut av skogen og få han opp i forrommet i fjøsen for å slakte den der.

 

2 1/2 åring bukk i Daurmåla første dagen og andre dyret i sesongen