[ Tilbake
| Lars ville ta seg ein siste tur på årets hjortejakt, etter å ha speida lenge både på Berge og på Bjåstad fekk han auge på ei kolle, men avdi han var rimeleg sikker på at ho hadde kalv, som han ikkje såg, så vart Lars liggande i nærare tre timar før kolla til slutt reiste seg opp og først då fekk han sett kalven. Kolla hadde han mange mulegheiter til å ta men då han var sikker på at ho og hadde kalv så ville han vente for å sjå om det han tenkte stemte . Det gjorde det og han skaut kalven men kolla klarte å gøyme seg bak tre og bas heile tida så til slutt måtte han berre gå opp til kalven. Etter å han funne den ringte han Ove og sa at han no hadde skote ein kalv men at han ikkje fekk teke kolla. Etter det var det å få kalven ned og køyre den heim til Ove, der den pga kulden blei den hengt opp i garasjen hass. Ove skinna så kalven dagen etter og køyrde han fram på Bui, der heng han fortsatt i dag (26.12). | |
|
|
|
|
Kalven som blei sesongens siste fall |
|
|
|
|