[ Tilbake
| Lars reiste litt tidlegare inn på Bjåstad enn kva Asle, Emil og Ove gjorde. Då dei andre kom inn fortalte Lars at han hadde sett kolle og bukk då han kom inn men han meinte bukken var for stor så den fekk gå. Etter kvart såg karane eit dyr til venstre inn Bjåstaddalen. I mellomtida hadde Ove vore ute på Homrane for å sjå om det kunne vera dyr langs sjøen, han såg to men relativt høgt i terrenget så desse blei det bestemt ikkje å prøve seg på. Lars ville så prøve seg på dyret oppe i sida på Bjåstaddalen. Det tok ei tid men så smalt det og Lars kom innpå og sa han fekk bukken, ein spissbukk eller ein liten bukk. Det stemte jo for så vidt at det kunne likne ein spissbukk, kun to issetaggar igjen men bukken var slett ikkje liten, vekta stoppa på 91 kg. | |
|
|
|
|
Hadde ikkje Emil og Asle kome opp å hjelpt til så hadde sikkert Lars og Ove holdt på endå med å få den ned, du kan seie det slik at verdens beste terreng å buksere ein stor bukk i er dette absolutt ikkje |
|
|
|
|