[ Tilbake
| Lars og Tormod tok turen til hhv. Berge og Bjåstad i dag. Då Lars gjekk oppover såg han eit einsleg dyr i Bukkali, dette forsvann for han så han gjekk ned til demningen og opp på Fonnteigsida, då såg han tre dyr på veg ned Bukkali, då var det berre ein ting å gjere, kome seg over elva att og forte seg fram til sengeposten. Det gjekk bra, då han vel var komen på sengeposten kom dei tre dyra gåande, desse var kolle, kalv og ein bukk. Lars lurte i starten litt på kva han skulle skyte av dyra men bestemte seg så for å ta bukken og den datt. | |
![]() |
|
|
Bilde av jegeren og 6-taggaren |
|
|
|
|
|
Snart ferdig med myra |
Då er elva det neste som må forserast |
|
|
|
|
Midt i elva |
Der var bukken komen over elva |