[ Tilbake

.Bjåstadkalv i dag

Tormod ville ha seg ein ettermiddagstur på Bjåstad og Ove blei med og tok seg ein tur opp på sengeposten på Berge. Der oppe var det ikkje eit einaste dyr å sjå men Tormod kom innpå VHFen og sa han såg kolle og kalv eit stykke opp i lia. Ei god stund etter kom han innpå radioen og sa han fekk kalven men kolla var det uråd å få skot på då ho heile tida sprang bak diverse busker og kratt, han venta lenge men det stod ikkje til.så til slutt tok han seg opp til kalven og fekk ordna og dra ned denne.

Bilete blir nesten som ein selfie men slik blir det når ein ikkje har med fotograf :)

Stor hannkalv