[ Tilbake

.Fjorkolle på Berge

Det var hektisk aktivitet på sambandet denne dagen, Emil var med som jeger for første gang og Asle vegleia han oppe på Endrefjellet, dei såg mange dyr men lukkast ikkje å få nokon i bakken. Midt i denne sambandsaktiviteten fekk Tormod nett inn at han hadde skote ei fjorkolle, det var ein knapp gratulasjon av oss andre før det igjen blei hektist aktivitet oppe på Endre att. Det var så spennande at Lars og Ove hadde nok med å fylgje med på Endreaktiviteten. Ove var rimeleg sikker på at han ikkje hadde sett om det kom dyr i posisjon til han, til det var han for oppteken til å fylgje med på VHF'en. Lars meinte at dette var meir spennande å høyre på enn den mest spennande forballkampen han nokon gong hadde sett på.

Lita fjorkolle som var så lita at vi fekk nytt løyve på