[ Tilbake
.Spissbukk i Breli
Tormod var på veg til Skei på eit eller anna møte, men tok turen inn
i Supphella før han køyrde vidare. I Breli såg han ein spissbukk,
han sendte då melding til Ove om at han såg denne bukken, Ove som
akkurat då var i Tyskland, skreiv dette tilbake: "Skyt". Det tok
ikkje lange tida før Ove på nytt fekk melding og då berre med ein
tommel opp. Altså var dyret skote.
Det skulle vise seg at denne spissbukken var av den mindre typen, kun eit par og førti kilo, noko som gjorde at han blei rekna som "skrap" og me fekk eit nytt løyve tildelt men dette kom aldri til nytte i haust. |
Spissbukk i Breli denne dagen. Dette skulle og bli det siste dyret denne sesongen. |